Bible

Transform

Your Worship Experience with Great Ease

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

1 Samuel 14

:
Norwegian - NO1978NN
1 Ein dag sa Jonatan, son åt Saul, til våpensveinen sin: «Kom, lat oss fara over til filistarforposten der borte hi sida!» Men han nemnde det ikkje for far sin.
2 Saul låg i utkanten av Gibea, under granatapalen i Migron. Folket som var med han, talde om lag seks hundre mann.
3 Der var òg Akia, son til Akitub, som var bror til Ikabod, son til Pinhas og soneson til Eli, Herrens prest i Sjilo; det var han som bar efoden. Folket visste ikkje at Jonatan hadde gått.
4 kvar side av skaret der Jonatan prøvde å koma over til filistarforposten, var det ein berghamar. Den eine heiter Boses og den andre Senne.
5 Den eine av desse hamrane stig rett opp nordsida, midt for Mikmas, den andre sørsida, midt for Geba.
6 sa Jonatan til våpensveinen sin: «Kom, lat oss fara over til forposten åt desse uomskorne! Herren hjelper oss nok. For ingen ting kan hindra Herren i å gje siger, anten vi er mange eller få.»
7 Våpensveinen svara: «Gjer alt det du har i tankar. berre på! Eg fylgjer deg kvar du vil.»
8 sa Jonatan: «No går vi bortover til karane, langt at dei får auga oss.
9 Seier dei då: Stå stille til vi kjem bortåt dykk, stoggar vi der vi er, og går ikkje opp til dei.
10 Men seier dei: Kom opp til oss, tek vi det til teikn at Herren har gjeve dei i vår hand, og vi går opp.»
11 filistarane kunne sjå dei frå forposten, sa dei: «Sjå, der er nokre hebrearar som er komne ut or holene dei har gøymt seg i.»
12 Mennene forposten ropa til Jonatan og våpensveinen hans: «Kom opp til oss, skal vi seia dykk noko.» sa Jonatan til våpensveinen: «Fylg meg, for Herren har gjeve dei i Israels vald.»
13 kleiv Jonatan opp hender og føter, og våpensveinen fylgde. Jonatan hogg dei ned, og våpensveinen kom etter og gjorde det av med dei.
14 I dette fyrste åtaket som Jonatan og våpensveinen hans gjorde, felte dei om lag tjue mann ei vidd som svarar til halvparten av det som kan pløyast ein dag.
15 kom det redsle over heile hæren, både i leiren og ute marka. Jamvel forposten og herjeflokken skalv av skrekk, og jorda riste. Det var Gud som slo alle med redsle.
16 Vaktpostane til Saul i Gibea i Benjamin såg at fiendehæren var i oppløysing og bylgja hit og dit.
17 sa Saul til folket som var med han: «Hald mønstring og finn ut kven av våre som vantar.» heldt dei mønstring, og det synte seg at Jonatan og våpensveinen hans var borte.
18 sa Saul til Akia: «Kom hit med Guds paktkiste!» For Guds paktkiste var den tid hjå israelittane.
19 Men medan Saul tala med presten, auka ståket i filistarleiren meir og meir, og han sa til presten: «Nei, lat det vera!»
20 samla Saul alt folket sitt. Men dei kom dit striden stod, fekk dei sjå at filistarane hadde vendt sverda mot kvarandre, og alt var i røre.
21 Dei hebrearane som til no hadde stått under filistarane, og som hadde vore med dei hærferdene deira, gjekk over til israelittane som fylgde Saul og Jonatan.
22 dei israelittane som hadde gøymt seg i Efraims-fjella, fekk høyra at filistarane hadde rømt, sette dei etter dei og vart med i striden, dei òg.
23 Såleis hjelpte Herren Israel den dagen. Striden breidde seg bort imot Bet-Aven,
24 og det røynde hardt for israelittane den dagen. Men Saul tok folket i eid og sa: «Forbanna vere den som tek til seg mat før det vert kveld og eg har fått hemn over fiendane mine!» Difor var det ingen i hæren som smaka mat.
25 marka var det vokskaker med honning i.
26 folket kom over vokskakene, såg dei at dei var fulle av honning; men ingen tok noko av det i munnen. Slik age hadde folket for eiden.
27 Men Jonatan hadde ikkje høyrt at far hans hadde teke folket i eid. Han rette fram staven som han hadde i handa, og stakk enden han ned i ei vokskake og tok honningen i munnen. fekk han att glansen i augo.
28 Ein av mennene tok til ords og sa: «Far din har teke folket i eid og sagt: Forbanna vere den som tek til seg mat i dag! Det er difor folka er trøytte.»
29 Jonatan svara: «Far min fører ulukke over landet. Sjå berre korleis eg fekk att glansen i augo eg smaka litt denne honningen.
30 Kor mykje større hadde ikkje mannefallet vorte hjå filistarane dersom folka i dag hadde fått eta seg mette av hærfanget dei har teke frå fienden.»
31 Den dagen slo dei filistarane og forfylgde dei frå Mikmas til Ajjalon. Men var folka reint utmødde.
32 Dei kasta seg over hærfanget, tok sauer og oksar og kalvar, slakta dei marka og åt kjøtet med blodet i.
33 Det kom nokre menn til Saul og sa: «Folket syndar mot Herren; dei et kjøt med blod i.» sa Saul: «De har vore trulause; velt no hit ein stor stein!»
34 sa han: «Gå ikring mellom folket og sei til dei at kvar og ein skal koma hit til meg med oksen sin eller lammet sitt og slakta og eta dei her. Dermed treng dei ikkje eta kjøt med blod i og såleis synda mot Herren.» kom kvar mann i hæren med oksen sin og slakta han der om natta.
35 Og Saul bygde eit altar for Herren. Det var det fyrste altaret han bygde for Herren.
36 Sidan sa Saul: «Lat oss setja etter filistarane i natt og herja mellom dei til dagen renn. Lat oss øyda dei ut til siste mann!» Dei svara: «Gjer i alle måtar som du synest.» Men presten sa: «Lat oss fyrst stiga fram for Gud!»
37 bad Saul Gud om råd: «Skal eg fara nedover etter filistarane? Vil du gje dei i Israels vald?» Men Gud svara han ikkje den gongen.
38 sa Saul: «Kom hit, alle hovdingar i folket! Ransak og finn ut kva det er for ei synd som er gjord i dag.
39 For sant Herren lever, han som gjev Israel siger: Om det er Jonatan, min eigen son, som ber skulda, skal han døy.» Men ikkje ein i hæren svara han.
40 sa han til heile Israel: «Stå de den eine sida, skal eg og Jonatan, son min, stå den andre.» Folket svara: «Gjer som du synest.»
41 sa Saul til Herren, Israels Gud: «Lat sanninga koma fram!» Og loddet fall Jonatan og Saul, men folket gjekk fritt.
42 sa Saul: «Kast lodd mellom meg og Jonatan, son min!» Og loddet fall Jonatan.
43 sa Saul til Jonatan: «Fortel meg kva du har gjort!» Jonatan fortalde han det: «Eg tok litt honning enden av staven som eg hadde i handa, og smaka den. Her står eg; eg er budd å døy.»
44 Saul sa: «Gud la det meg ille både no og sidan om du ikkje døy etter dette, Jonatan.»
45 Men folket sa til Saul: «Skal Jonatan døy, han som har vunne denne store sigeren for Israel? Det aldri henda! sant Herren lever: Ikkje eit hår skal verta skadt hovudet hans! For det er med Guds hjelp han har gjort det han har gjort i dag.» Såleis berga folket Jonatan, og han slapp døy.
46 drog Saul oppetter og forfylgde ikkje filistarane meir, og filistarane fór heim til sitt land.
47 Saul hadde fått kongsmakt i Israel, førte han krig mot alle fiendane sine rundt ikring: mot moabittane, ammonittane og edomittane, mot kongane i Soba og mot filistarane. Og kvar han vende seg, vann han siger.
48 Saul gjorde storverk; han slo amalekittane og berga Israel frå dei som plyndra det.
49 Sønene til Saul var Jonatan, Jisjvi og Malkisjua. Han hadde to døtrer; den eldste heitte Merab og den yngste Mikal.
50 Kona til Saul heitte Akinoam; ho var dotter til Akima’as. Hærføraren hans heitte Abner; han var son til Ner, Sauls farbror.
51 For Kisj, far til Saul, og Ner, far til Abner, var begge søner til Abiel.
52 Striden mot filistarane var hard lenge Saul levde. Og når Saul såg sterke og djerve menn, tok han dei i si teneste.